Biskopen om Ukraina-situasjonen

Biskop Halvor Nordhaug har 16. mars sendt ut brev til alle kyrkjelydane der han ber dei støtta den humanitære hjelpa til Ukraina og nabolanda. Han ber også kyrkjelydane ta kontakt med kommunen for å høyra kva dei kan bistå med i møte med flyktningar, og å låna ut kyrkjene gratis til flyktningar som ønskjer å halda gudsteneste.

Over tre millionar menneske har så langt flykta ut av Ukraina på grunn av krigen. Biskopen ber oss alle om å støtta desse menneska. Foto: Håvard Bjelland.

I brevet skriv biskopen:

Vi er alle djupt rysta og har vondt for å tru det vi ser, høyrer og les om krigen i Ukraina. Dette er umenneskeleg terror og eit brutalt overfall på eit uskyldig naboland.

Kva kan vi som medmenneske og kyrkje gjere i denne situasjonen? Svaret er som alltid: Be og arbeid!

I gudstenesta og elles kan vi be om at ugjerningsmannen Putin må trekke sine troppar attende slik at vi kan få ein fred med rettferd. Ukraina må bli fritt, og ofra må få den hjelpa dei treng og den oppreisinga dei har krav på.

Samstundes må vi sjå etter andre former for handling. I denne situasjonen er det for oss som kyrkje nærliggjande å støtte arbeidet som Kirkens Nødhjelp gjer for krigsofra i Ukraina. Det kan ein gjere gjennom private gåver, takkoffer eller andre aksjonsformer. Sjå nærare informasjon på denne nettsida: http://kirkensnodhjelp.no/gi-stotte/landingssider/ukrainanodhjelp

Mange av kyrkjelydane i Bjørgvin vil få flyktningar frå Ukraina i sitt nærmiljø. Då bør ein ta kontakt med kommunen for å få vite kva slags hjelp som vil vere ønskjeleg. Det kan handle om klede og ulike former for menneskeleg kontakt. Til dømes kan flyktningane inviterast inn til heimar eller til lokale som kyrkjelyden eig. Dersom det blir spørsmål om å låne ut kyrkjer til ortodokse gudstenester, så bør dette vere ei sjølvsagt sak. Og kyrkja bør då leigast ut vederlagsfritt. Som kyrkje vil det også vere naturleg for oss å gje biblar og bønebøker og anna høveleg litteratur på ukrainsk og russisk til dei flyktningane som ber om det. (Vi må hugse at for mange av dei ukrainarane som no har flykta er russisk deira naturlege talemål). Like eins kan det vere aktuelt å gje små ikon. Dei er viktige i den ortodokse kyrkja sin spiritualitet. Eg vonar å kome attende til dykk med nærare informasjon om korleis vi kan gjere dette.

Dette er ei vond tid for Ukraina, for Europa og for verda. Lat oss be: Kyrie eleison!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"